ForsidenOm LNUBarne- og ungdomstingetBarne- og ungdomstinget 2019

Barne- og ungdomstinget 2019 vert arrangert 26. april. Foto: LNU

Barne- og ungdomstinget 2019

Barne- og ungdomstinget 2019 vert arrangert 26. april. Her finn du eit vegkart fram mot BUT med dei viktigaste datoane og fristane.

Barne- og ungdomstinget (BUT) er LNU sitt øvste organ og er ein viktig arena for innspel og tilbakemeldingar frå medlemsorganisasjonane til LNU. Kvar medlemsorganisasjon kan delta med to delegatar kvar.  

På BUT skal vi stake ut kursen for LNU det neste året og vi vil ha dine innspel! I år skal delegatane mellom anna behandle nytt barne- og ungdomspolitisk program, politiske resolusjonar og endringar i vedtektene. Viss du allereie no har innspel eller spørsmål til desse kan du sende dei til rode@lnu.no.

I 2019 er programmet kortare enn tidlegare, så det vert mindre tid til forslagsskriving og arbeid i redaksjonskomiteen undervegs i møtet. Det vert arrangert førebuande seminar og forslagsverkstad for alle som vil lære meir om korleis BUT fungerer og korleis ein kan vere med å påverke.

Førebuande seminar er for deg som vil ha ei innføring i LNU sitt arbeid og i saksbehandlinga på BUT. På forslagsverkstaden kan ein få hjelp til å skrive forslag og moglegheita til å skrive forslag saman med andre deltakarar.

Nedst på sida finn du nominasjonsskjema til BUT 2019.

Vegkart fram mot BUT

Her finn du ei oversikt over ulike fristar fram mot BUT

  • Utkast til barne- og ungdomspolitisk program og vedtektsendringar vert sendt til medlemsorganisasjonane
  • 1. innkalling
    Organisasjonane får mellombels saksliste med orientering om fristar framover
  • Høyringsfrist for vedtektsendringar og barne- og ungdomspolitisk program
  • Forslagsfrist for vedtekter og tilrådd frist for resolusjonar

    Det er òg frist for
    - framlegg til saker de vil at representantskapet skal behandle.
    - framlegg om endring av vedtektene
    - søknad om medlemskap i LNU
    - nominasjonar av styrekandidatar

  • Styret behandlar vedtektsendringar og barne- og ungdomspolitisk program og innstiller til BUT
  • 2. innkalling med sakspapir og med påmeldingsinfo elektronisk.
  • Forslagsfrist for resolusjonar og frist for påmelding
  • Styret behandlar resolusjonar og innstiller til BUT
  • 3. innkalling
  • Førebuande seminar og forslagsverkstad
  • Barne- og ungdomstinget
    09:00 Opning
    12:00 Forslagsfrist for endringar i arbeidsprogram eller resolusjonar

Last ned filer

Kontaktpersoner

Topp