ForsidenPolitikkInternasjonaltEuropa og Norden
Europa

Europa

Europa og Norden

Dette er ei oversikt over LNUs engasjement i Europa.

LNU er medlem i  European Youth Forum (YFJ), som er eit samarbeidsorgan for europeiske ungdomsorganisasjoner, både nasjonale landsråd og internasjonale NGO-ar. I YFJ arbeider LNU med barn og unges rettar generelt og retten til å deltaking spesielt, til dømes stemmerett for 16-åringar. I tillegg jobbar vi med minoritetsspørsmål, og miljø- og utviklingsspørsmål.

Hausten 2016 blei Mari Strømsvåg fra Noreg og ANSA valt inn som styremedlem i European Youth Forum (YFJ).

Europarådet og EU

LNU arbeider også med Europarådet, ved å vere observatør i Styringskomiteen for Ungdom, CDEJ, som er med å avgjere i kva retning Europarådets arbeid på ungdomsspørsmål skal gå. Europarådet jobbar tradisjonelt mest med opplæring og forståing for menneskerettar blant unge.

Den Europeiske Union, EU, er ein viktig aktør innan ungdomspolitikk fordi unionen arbeider for å straumlinjeforme tiltak og politikk retta mot ungdom i Europa. Noreg deltek som ikkje-medlem eller via EØS i delar av verksemda. LNU følgjer med på utviklinga i ulike ungdomsspørsmål i EU og korleis dette grip inn i arbeidet til YFJ.

Norden og nordisk-baltisk samarbeid

LNU arbeider med nordiske spørsmål gjennom å ta del i ulike nordiske strukturar, som Nordisk Minsterråds barne- og ungdomskomté, NORDBUK, og ved å vere observatør i Ungdommens Nordiske Råd, UNR.

Kontakten med våre danske og svenske systerorganisasjonar, DUF og LSU, og med andre nordisk-baltiske landsråd, er også viktig for LNU. Det nordisk-baltiske samarbeidet skjer mellom landsråd frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island, Litauen og Latvia. Desse møtes i Nordic-Baltic Cooperation ein til to gonger i året. Samarbeidet er ein miks av erfaringsutveksling og forum for politisk debatt om aktuelle saker, spesielt tema som vil bli behandla i European Youth Forum.

Kontaktpersoner

Topp