ForsidenStøtteordningerLNU Demokratimidlene

LNU Demokratimidlene

Demokratimidlene er ei støtteordning for barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg som samarbeider med organisasjonar i Aust-Europa. Formålet er å styrke det unge sivilsamfunnet i begge land.

Søknadsbeløp
Hvor mye
50 000 - 800 000 kr
Hvem kan søke?
Hvem søker
Sentralledd i organisasjon
Søknadsfrist
Neste frist

Om støtteordninga

LNU Demokratimidlene er ei støtteordning for barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg som samarbeider med barne- og ungdomsorganisasjonar i Aust-Europa. Formålet med ordninga er å styrka ungt sivilsamfunn i Aust-Europa og i Noreg.

LNU forvaltar støtteordninga med finansiering frå Utanriksdepartementet.

Kva støtter vi?

Demokratimidlene støttar samarbeidsprosjekt som hever kompetansen og styrker posisjonen til barne- og ungdomsorganisasjonar i Aust-Europa. Formålet med prosjektet må vere organisasjonsutvikling. LNU definerer organisasjonsutvikling som at organisasjonane aukar si evne til å nå dei måla dei har satt seg sjølve. Eksempel på dette er ledertrening, kompetansebygging og erfaringsutveksling mellom organisasjonane.

Prosjektet må innehalde noko utanom ordinære aktivitetar eller drift, og må ha eit organisasjonsutviklingsperspektiv.

Det inneber at:

  • prosjektet må ha ein klar start- og sluttdato
  • de må forklara kva de vil endra i samfunnet eller gruppa/organisasjonen og kvifor de meiner at dette er viktig. Prosjektet må ha klare målsettingar og vise til kva resultat aktivitetane de vil gjennomføra skal bidra til.
  • de må visa korleis begge (eller alle) organisasjonane vert styrka gjennom samarbeidet. I tillegg bør de vise til korleis prosjektet er positivt for fleire i organisasjonen utover akkurat dei som er aktive i det.

Barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg med ein eller fleire samarbeidspartnarar i Aust-Europa utanfor EU kan søkja på støtteordninga.

Kva land kan vi ha prosjekt i?

Samarbeidspartnarar må koma frå eit eller fleire av desse landa:

  • Armenia
  • Aserbajdsjan
  • Georgia
  • Hviterussland
  • Kasakhstan
  • Kirgisistan
  • Moldova
  • Russland
  • Tadsjikistan
  • Turkmenistan
  • Ukraina

Kontaktpersoner

  • Erik Schreiner Evans

    Internasjonal rådgiver, LNU Demokratimidlene

    23 31 05 83
    erik@lnu.no

Topp