ForsidenStøtteordningerLNU DemokratimidleneSlik søkjer du om støtte og leverer rapport

Slik søkjer du om støtte og leverer rapport

Lurer du på korleis du kan søkje om pengar til prosjekt gjennom LNU Demokratimidlene? Her er ein liten guide.

Slik går du fram for å søkje om midlar gjennom LNU Demokratimidlene

Både søknad og rapport skal leverast gjennom LNU søknadsportal. Lenger nede på sida finn du ei lenke til nokre Word-dokument som kan brukast som kladd for søknad og rapport, men sjølve søknaden og rapporten må sendast inn via søknadsportalen.

Før du byrjar på søknaden

  • Les retningslinjene på støtteordninga nøye før de begynner å skrive søknaden. Vurder om prosjektet vert omfatta av støtteordninga sitt formål, og om det oppfyller dei formelle krava til støtteordninga.
  • Les gjennom heile søknadsskjemaet før de byrjar å fylla det ut. Slik kan de vite kva informasjon de treng å leggja ved søknaden, og dermed unngå ekstraarbeid.

Søknaden skal inneholde:

  • Prosjektbeskrivelse med mål, prosjektaktivitetar og ønska resultat, samt ein tidsplan for gjennomføring av prosjektet
  • Budsjett/finansieringsplan med oversikt over alle inntekter og utgifter som omhandlar prosjektet, inkludert organisasjonen sine eigne midlar. Søkjer organisasjonen støtte frå andre støtteordninger eller institusjonar skal dette koma fram av budsjettet. Dersom ein har fleire inntektskjelder skal det opplysast i budsjettet om kva tiltak som skal finansierast med midla frå LNU.

Tilgang og signering av akseptskjema

Dagleg leiar og styreleiar, eller personar med tilsvarende verv, skal ha tilgang til søknadsportalen. Det er desse som kan oppdatere kontaktinformasjonen og gi andre personer innad i organisasjonen tilgang. Det er viktig at denne kontaktinformasjonen alltid er oppdatert.

Akseptskjemaet må signerast av daglig leiar og styreleiar. Verifiseringskoda er personleg og vert sendt i posten til mottakar sin private bustadadresse.

Rapportering

Rapport og rekneskap for prosjektet skal leverast inn i søknadsportalen seinast 1. februar året etter at prosjektet er avslutta.

Organisasjonar som har motteke tilskot på meir enn 100 000 kr, må levere rekneskap som er revidert av registrert/statsautorisert revisor. Denne må de scanne inn og laste opp i søknadsportalen ved rapportering. For prosjekt under 100 000 kr skal rekneskapet leverast i LNU sin mal for skyggerekneskap. Den finn du nedst på sida.

Dersom det vert produsert informasjonsmateriell til prosjektet (for eksempel nettsaker, blogginnlegg, mediedekning og bilete) må dette gjerne leggjast ved i rapporten eller sendast til LNU per post eller e-post.

Topp