ForsidenUtlysningerDagleg leiar/Skrivar

Norsk Målungdom søker dagleg leiar/Skrivar

Utlysning fra: Norsk Målungdom

Sted: Oslo
Søknadsfrist: 08.04.2021
HeltidÅremål

Vil du jobbe i verdas beste språkorganisasjon?

Norsk Målungdom leitar etter kandidatar til vervet som skrivar/dagleg leiar/generalsekretær. Som skrivar er du tilsett i ei 100% stilling i NMU ved kontoret i Oslo. Du samarbeider tett med leiaren og resten av sentralstyret. Arbeidsoppgåvene er medlemskontakt, organisatorisk arbeid, arbeidsgivaransvar, økonomiarbeid og rekneskap. Som skrivar er du og med på å planlegge og utforme tilskipingar og kampanjar saman med resten av sentralstyret.

Stillinga er eit engasjement på eitt år frå sommaren 2021 til sommaren 2022. Skrivaren vert vald av landsmøtet. Arbeidsspråket er nynorsk, kjennskap til organisasjonen er ein fordel, men ikkje eit krav. Anna organisasjonserfaring kan vere ein like stor fordel. Opplæring blir gitt.

Er du interessert i ein jobb der du får arbeide med ungdomar som genuint interesserte i språk eller har spørsmål er det berre å ta kontakt med valnemndsleiar Fredrik Heimsæter på 47810665 eller valnemnda@malungdom.no snarast.

Publisert 30. mars 2021

Topp