ForsidenUtlysningerOrganisasjonsrådgjevar i 4H Sogn og Fjordane

4H Norge søker organisasjonsrådgjevar i 4H Sogn og Fjordane

Utlysning fra: 4H Norge

Sted: Førde i Sunnfjord kommune
Søknadsfrist: 20.10.2020
HeltidFast stilling

Syns du barn og unge, frivilligheit og organisasjonsarbeid er inspirerande, og taklar alt frå søknadsskriving og nettverksbygging til å ha ansvaret for arrangement? Har du kunnskap om kva behov og verkelegheit unge menneske har i dag? Har du lyst på ein meiningsfull jobb i ein spennande organisasjon? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Viktige arbeidsoppgåver i stillinga:

  • Oppfølging av styret, arbeidsgrupper og arrangørkomitear
  • Ha ansvar for arrangement og tiltak
  • Klubb- og medlemspleie
  • Informasjonsarbeid
  • Rekruttering og oppstart av nye 4H-klubbar
  • Nettverksbygging

Vi søkjer etter deg som:

  • Har fokus på kvalitet og gode prosessar
  • Har gode formidlingsevner og evne til å rettleie, motivere og inspirere
  • Kommuniserer godt med barn og unge, både skriftleg og munnleg
  • Har gode samarbeidsevner, men kan arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Trivst i samarbeid med barn, ungdom og vaksne
  • Har grunnleggande kompetanse innan IKT
  • Har kunnskap om prosjektorganisering
  • God kompetanse i organisasjonsarbeid
  • Har kompetanse og erfaring med planlegging, gjennomføring og evaluering av større arrangement for barn og unge
  • Har kunnskap om og erfaring med frivillig arbeid
  • Er kreativ og løysingsorientert

Du blir ein del av:

  • Eit arbeidsfellesskap med moglegheit for påverknad, utvikling og ny læring

Løn etter avtale.

Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

Arbeidsstaden for stillinga er hos 4H Sogn og Fjordane i Førde sentrum. For stillinga inngår gode pensjons- og forsikringsordningar. Fleksibel arbeidstid. Ein må rekne med noko reiseverksemd, samt kvelds- og helgearbeid. Ein må ha førarkort klasse B. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionkoordinator for Vestlandet som næraste overordna.

Kontaktperson for stillinga:
Synnøve Jørgensen, regionkoordinator for 4H på Vestlandet:
Tlf. 960 96 773 eller epost innan 20. oktober 2020.

Publisert 9. oktober 2020

Topp