ForsidenUtlysningerSentralstyreverv

Norsk Målungdom søker sentralstyreverv

Utlysning fra: Norsk Målungdom

Sted: Oslo
Søknadsfrist: 15.02.2019
HeltidVerv

Norsk Målungdom skal ha landsmøte 29.–31. mars 2019, og der skal vi velje nytt sentralstyre. Kanskje du vil sitje i sentralstyret vårt?

Sentralstyret står for den daglege drifta av organisasjonen. Dei som sit i sentralstyret er valde av landsmøtet for eitt år om gongen. Styret held til i Oslo og møtest kvar veke. Det er sentralstyret si oppgåve å planleggje og gjennomføre nasjonale tilskipingar, gjennomføre politikken i arbeidsprogrammet og reise på skolebesøk kvar haust og vår for å snakke med skoleelevar om nynorsk og språkhaldningar.

Desse sit i sentralstyret:
Leiar: Leiaren har det øvste ansvaret i organisasjonen og er organisasjonen sitt ansikt i media.

Nestleiar: Nestleiaren har nestleiaren ansvare viss leiaren ikkje er til stades.

Skrivar: Skrivaren er det same som generalsekretær eller dagleg leiar. Det er ein løna 100 % stilling på kontoret i Oslo. Ansvarsoppgåvene er økonomiarbeid, medlemsregister og organisatorisk arbeid i organisasjonen.

Økonomiansvarleg: Den økonomiansvarlege si oppgåve er å halde oversikt over organisasjonen sin økonomi, rekneskap og Frifond-ordninga til lokallaga.

Sentralstyremedlemer: Som medlem i sentralstyret får ein utdelt ulike politiske og organisatoriske oppgåver og er med på å gjennomføre tilskipingar i organisasjonen.

Publisert 27. november 2018

Topp