LNU > Om LNU > Barne- og ungdomstinget
Barne- og ungdomstinget

Barne- og ungdomstinget

Barne- og ungdomstinget er LNUs representantskapsmøte.

Representantskapet er det øvste organet i LNU, og består av delegatar frå medlemsorganisasjonane, styret i LNU og generalsekretæren. Barne- og ungdomstinget (BUT) finn stad over to dagar i april, og omfattar seminar, representantskapsmøtet og sosialt samkvem.

Her kan du melde deg på neste Barne- og ungdomsting. 

Representantskapsmøtet

LNUs medlemsorganisasjonar kan møta med to delegatar med tale- forslags- og røysterett, medan observatørorganisasjonane kan møta med to observatørar med tale- og forslagsrett. Medlemsorganisasjonane har òg høve til å senda observatørar til representantskapsmøtet.
Både styret og sekretariatet i LNU vil delta under møtet, men det er bara styrt og generalsekretæren som vil ha ei formell rolle under representantskapsmøtet.

Saksliste

Sakar som vert handsama i representasjonsmøtet er vanlegvis årsmelding, rekneskap og resolusjonar, val til LNU-styret, søknader om medlemskap og LNUs politiske program. Saksliste og andre dokument vil leggjast ut under denne sida i forkant av Barne- og ungdomstinget.

Last ned filer

Topp