ForsidenOm LNU

Barne- og ungdomstinget er LNUs representantskap og høyeste organ.

Om LNU

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), er eit samarbeidsorgan for barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg.

LNU er ein paraplyorganisasjon for 97 norske barne- og ungdomsorganisasjonar, med til sammen 450.000 medlemsskap. Medlemsorganisasjonane er demokratiske og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, og representerer eit stort mangfald av aktivitetar og verdiar. På vegne av medlemsorganisasjonane våre arbeider vi med tre hovudoppgåver:

Politikk

LNU er ein interesseorganisasjon for medlemsorganisasjonane, og fremjar dei felles interessene til medlemsorganisasjonane og eigenart overfor styresmakter og viktige samfunnsinstitusjonar. Medlemmane våre representerer ei rekkje ulike føremål. Likevel har dei fleire felles interessene som LNU ynskjer å fremja. Les mer om LNUs politikk.

Kompetanse

LNU skal yta service og formidla kompetanse til medlemsorganisasjonane. Vi skal vera ein ressurs for medlemmane våre, og vi tilbyr kurs og kompetansefremmande tiltak. Her kan du sjå ein oversikt over kompetansetiltaka våre

Støtteordningar

LNU forvaltar ei rekkje støtteordningar som bidreg til utvikling av barne- og ungdomsorganisasjonar og aktivitetar i Noreg og utlandet. Støtteordningane kjem barn og unge til gode – både innanfor og utanfor organisasjonane. Her finn du oversikta over støtteordningane våre

Namn

  • Bokmål: Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) 
  • Nynorsk: Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) 
  • Engelsk: The Norwegian Children and Youth Council (LNU) 
Topp