Kvifor jobbe i Norsk Målungdom?
Norsk Målungdom er meir enn berre ein arbeidsplass; det er eit engasjert og inkluderande fellesskap der du kan gjere ein forskjell for språkmangfald og kultur i Noreg. Som skrivar vil du få sjansen til å jobbe saman med ei dedikert og entusiastisk gruppe menneske som brenn for saka. Å jobbe i Norsk Målungdom gjev deg høve til å utvikle deg både fagleg og personleg, og du vil kunne bidra med dine eigne idear og initiativ i ein engasjert ungdomsorganisasjon.
Hovudoppgåver:
Som skrivar vil hovudoppgåvene dine vere det administrative i organisasjonen, mellom anna det daglege økonomiarbeidet, og arbeid med medlemene våre og lokallaga. Du vil òg arbeide mykje med dei sosiale media våre, nettbutikken vår, og du vil vere arbeidsgjevar for ein kontormedarbeidar som skal vere med å avlaste deg i det daglege arbeidet. Du vil i hovudsak arbeide tett med dei andre tilsette på kontoret i Oslo. Arbeidsspråket er nynorsk. Kjennskap til rekneskapsarbeid, er eit pluss, men ikkje eit krav for stillinga. Det kan bli aktuelt med noko reising.
Vi søkjer deg som:
Vi kan tilby:
Om Norsk Målungdom
Norsk Målungdom er ein landsfemnande ungdomsorganisasjon som jobbar for at alle skal ha høve og rett til å bruke dialekta si og å skrive nynorsk. Som skrivar er du ansvarleg for det administrative arbeidet som krevst for å drive organisasjonen. Vi er om lag 1200 medlemer fordelt på lokallag over heile landet.
Det er tre tilsette på skrivarstova i Norsk Målungdom: leiar, skrivar og kontormedarbeidar.
Vi oppmodar deg som er under 26 år til å søke. Stillinga er 100 prosent. I søknaden skriv du litt om deg sjølv, bakgrunnen din og kva tankar du gjer deg om jobben. Legg ved CV. Søknadsfristen er 16. februar. Ønskt arbeidsstart 1. mars, gjerne før.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Nettsted: https://malungdom.no/