Hovudoppgåver
Som skrivar vil hovudoppgåvene dine vere det administrative i organisasjonen, mellom anna det daglege økonomiarbeidet, og arbeid med medlemene våre og lokallaga. Du vil òg arbeide mykje med dei sosiale media våre og nettbutikken vår.
Du vil i hovudsak arbeide tett med leiar og sentralstyret på kontoret i Oslo. Kjennskap til rekneskapsarbeid, er eit pluss, men ikkje eit krav for stillinga. Det kan bli aktuelt med noko reising.
Arbeidsspråket er nynorsk.
Vi søkjer deg som:
Vi kan tilby:
Vi oppmodar deg som er under 26 år til å søke, men vi vurderer alle søknader.
Stillinga er 100 prosent.
I søknaden kan du skrive litt om deg sjølv, bakgrunnen din og kva tankar du gjer deg om jobben. Legg ved CV.
Søknadsfristen for stillinga er 22. november, aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju fortløpande. Ønskt arbeidsstart er desember 2026.
Send søknad og CV til norsk@malungdom.no
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Nettsted: https://malungdom.no/