Til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag (NU)

Dagleg leiar (vikariat)

Oslo
xxx
Vikariat, Fulltid
11.05.2025

Den daglege leiaren vår skal ha permisjon, og vi søker no ein vikar for henne i 12 månader. Er det interessant for deg? Ta kontakt for ein prat!

Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo ein organisasjon som driv med idrett, teater, folkedans, kor og målarbeid i sitt eige kulturhus midt i Oslo. BUL er ein demokratisk styrt medlemsorganisasjon der det er tett dialog mellom tillitsvalde, medlemmer og administrasjon. Det er seks tilsette (5,3 årsverk), der tre av desse er i Idrottslaget. Dagleg leiar har personalansvar for to personar, er styresekretær for hovudstyret og har ansvar for økonomi, avtalar, husadministrasjon, koordinering av aktivitetane og tillitsvalde, og andre små og større praktiske oppgåver.

Du deler dei administrative oppgåvene med organisasjonsrådgivar som er i 80 % stilling. Den tredje tilsette er teknikar i 50 % stilling.

Tidsrom

Vi ser helst at du kan starte 1. august 2025 og jobbe til 31. juli 2026, men vi kan vere fleksible på nøyaktig tidsrom.
Stillinga
Vi ønskjer ein person som både kan administrere og, i samspel med styret og dei tilsette, vere med på å utvikle og synleggjere laget. Du vil difor i noko grad kunne påverke organisering og innhaldet i stillinga avhengig av bakgrunn og kompetanse.

Dette er dei viktige ansvarsområda:

• styresekretær med saksutgreiing og oppfølging av vedtak
• rekneskap, budsjett og søknader
• personalansvar
• organisering av kontoret og utvikle gode rutinar
• bidra i utvikling og synleggjering av laget
• organisere bruk og utleige av lagslokala
• bidra i aktivitetar og ved arrangement

Vi søkjer deg som:

• er ryddig, strukturert og fleksibel
• er sjølvgåande og tek initiativ
• forstår økonomi og ikkje er redd for tal
• er særs god i nynorsk, og uttrykker deg godt både munnleg og skriftleg
• har erfaring frå arbeid der ein må handtere mange oppgåver på same tid
• har erfaring frå organisasjonar, som tilsett eller tillitsvald
• har tankar og idéar om utvikling av frivillige organisasjonar
• har relevant utdanning, gjerne innan kultur eller økonomi

BUL har nynorsk som administrasjonsspråk, og du må kunne lese korrektur for andre tilsette og tillitsvalde.

Praktisk om stillinga:

• 100 % stilling med 37,5 timar normalarbeidstid, fleksitid
• noko kveldsarbeid, spesielt på onsdagar
• løn etter avtale
• god pensjonsordning
• personalkantine og rabattordningar
• vi nyttar Office 365, Xledger økonomisystem, medlemssystemet Styreweb

Er du interessert, vil vi gjerne at du tar kontakt med dagleg leiar på e-post til kari.velure@bul.no. Send gjerne CV og fortel litt om deg sjølv snarast (og helst innan 1. mai), så tar vi det derfrå.

Om arbeidsgivaren

Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) vart skipa i 1899 for å vere ein trygg møteplass for innflyttarar til hovudstaden . I dag, 126 år etter, driv vi dei same aktivitetane, men du treng ikkje vere innflyttar for å bli med. Vi har om lag 800 medlemmer i alle aldrar i fire aktivitetsgreiner (særlag): Idrottslaget, Songlaget (kor), Teaterlaget og Leikarringen. BUL er kjend for Sentrumsløpet, folkedans og brusteinsball på 17. mai, nynorsk teater og kor som fokuserer på folketonar og nynorske songar. Teatersalen/Nynorsken hus er eit lite kulturhus med ei rekke interne og eksterne arrangement.

BUL eig Rosenkrantz’ gate 8, og forretningsverksemdene Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen Husfliden. Vi har to hytter: Røkleivhytta i Nordmarka og Bondehytta i Nittedal. BUL er både eit ungdomslag og eit mållag og er difor lokallag i Noregs Ungdomslag (NU) og Noregs Mållag (NM). Idrottslaget er med i Idrettsforbundet og Songlaget i Korforbundet. Saman med NU og Det Norske Teatret eig vi Den mangfaldige scenen AS. BUL er den største einskildaksjonæren i Det Norske Teatret. Vi er medeigar i avisa Dag og Tid, og ein av stiftarane av Norsk Barneblad. Saman med ei rekke nynorskorganisasjonar er vi med i Nynorsk forum.

Nettsted: https://www.bul.no/

Flere stillinger

Skeiv Ungdom

Generalsekretær

xxx
Oslo
xxx
Fast stilling, Fulltid
xxx
1.06.2025
Natur og Ungdom (NU)

Regionsekretær

xxx
OSLO
xxx
Fast stilling, Fulltid
xxx
1.06.2025