Som kontormedarbeidar vil hovudoppgåva di vere å avlaste skrivar (dagleg leiar) i organisasjonen, og du vil difor jobbe tett med hen.
Arbeidet inneber administrative oppgåver på kontoret. Arbeidsoppgåvene kan innebere administrering av medlemsregisteret, dagleg økonomiarbeid, administrering av post til lokallag og medlemmar og elles anna arbeid som må gjerast på skrivarstova. Kontormedarbeidaren er også bladstyrar for medlemsbladet vårt, Motmæle.
Kompetanse med Adobe-program og teknisk dugleik er eit stort pluss, men ikkje eit krav for å få stillinga.
Stillinga som kontormedarbeidar passar fint å kombinere med å vere student. Du kan bli spurt om å skrive sakspapir til møte og å delta på møte utanom arbeidstida, og det kan bli aktuelt med noko reising.
Arbeidsspråket er nynorsk.
Vi oppmodar deg som er under 26 år til å søke, men vi vurderer alle søknader.
Stillinga er 40 prosent, med løn på 40 prosent av statens lønstrinn 25 (i dag svarar dette til ein brutto månandsløn på 12467 kr).
Søknadsfristen for stillinga er 30. mai, med ønske om oppstart frå august og noko opplæring i juni, men vi er fleksible og tilpassar kva som fungerer for deg.
Har du spørsmål om stillingen, ta kontakt med skrivar (dagleg leiar) Emma Pedersen på telefon 40 61 42 76 eller e-post emma@malungdom.no.
I søknaden kan du skrive litt om deg sjølv, bakgrunnen din og kva tankar du gjer deg om jobben. Legg ved CV. Send søknad og CV til emma@malungdom.no.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
—
Norsk Målungdom er ein landsfemnande ungdomsorganisasjon som jobbar for at alle skal ha høve og rett til å bruke dialekta si og å skrive nynorsk. Vi er om lag 1200 medlemer fordelt på lokallag over heile landet.
Norsk Målungdom er meir enn berre ein arbeidsplass; det er eit engasjert og inkluderande fellesskap der du kan gjere ein skilnad for nynorsken, dialektene og språkmangfaldet. Som tilsett i Norsk Målungdom vil du få sjansen til å jobbe i lag med ei dedikert og entusiastisk gruppe menneske som brenn for saka. Å jobbe i Norsk Målungdom gjev deg høve til å utvikle deg både fagleg og personleg, og du vil kunne bidra med dine eigne idear og initiativ i ein engasjert ungdomsorganisasjon. Les meir om Norsk Målungdom på https://malungdom.no.
Skrivarstova held til i Oslo sentrum, i Dronningens gate 22, 0154 Oslo. Det er tre folk på skrivarstova i Norsk Målungdom: leiar, skrivar og kontormedarbeidar. Vi deler lokale med moderorganisasjonen vår, Noregs Mållag.
Nettsted: https://malungdom.no