Norsk Målungdom er ein landsfemnande ungdomsorganisasjon som jobbar for at alle skal ha høve og rett til å bruke dialekta si og å skrive nynorsk. Som skrivar er du ansvarleg for det administrative arbeidet som krevst for å drive organisasjonen. Vi er om lag 1200 medlemer fordelt på lokallag over heile landet.
Skrivarstova held til i Lilletorget 1, 0184 Oslo. Det er tre folk på skrivarstova i Norsk Målungdom: leiar, skrivar og kontormedarbeidar. No søkjer vi ny skrivar og kontormedarbeidar.
Søknadsfristen for båe stillingane er 31. mai, med ønske om tiltreding frå august, men vi er fleksible og tilpassar kva som fungerer for deg.
Desse to stillingane utfyller kvarandre monaleg, og nokre av oppgåvene kan gjelde både skrivar og kontormedarbeidar.
Vi oppmodar deg som er under 26 år til å søke, men vi vurderer alle søknader. Stillinga er 100 prosent, med løn på statens lønstrinn 25. I søknaden skriv du litt om deg sjølv, bakgrunnen din og kva tankar du gjer deg om jobben.
Send søknad og CV til tobias@malungdom.no.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Nettsted: https://malungdom.no/