ForsidenUtlysningerGeneralsekretær

Noregs Ungdomslag søker generalsekretær

Utlysning fra: Noregs Ungdomslag

Sted: Oslo
Søknadsfrist: 04.04.2018
HeltidÅremål

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896. Føremålet til organisasjonen er å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar. NU har nær 14000 medlemmer i omlag 350 lokallag i heile landet. Om lag 250 av laga er eigarar av lokale ungdomshus. Visjonen vår er «levande lokalkultur». Noregs Ungdomslag har kontorfellesskap med fleire frivillige organisasjonar, sentralt i Oslo sentrum. Det er fem tilsette i administrasjonen.

Generalsekretæren vår gjennom ni år sluttar, og vi søkjer etter hennar etterfølgjar. Vi søkjer ein allsidig leiar med stor kunnskap om og engasjement for frivillig organisasjonsarbeid og lokalt kulturliv.

Noregs Ungdomslag driv ei omfattande opplæringsverksemd, og gjennomfører kvart år store prosjekt med hovudvekt på å utvikle ein levande lokalkultur. Organisasjonen har mange dyktige og engasjert medlemmer og tillitsvalde over heile landet.

Generalsekretæren samarbeider tett med styret, og har ansvar for dagleg drift av organisasjonen. Dette medfører kontorleiing, personaloppfølging og økonomistyring, i tillegg til organisasjonspolitisk og interessepolitisk arbeid.

Stillinga blir lyst ut som eit fireårig åremål, med høve for forlenging i inntil to åremålsperiodar.

Sentrale ansvarsområde:

  • Strategisk og operativ leiing av organisasjonen, for å nå landsmøtet sine overordna mål.
  • Økonomisk styring
  • Personalleiing
  • Representasjon i eksterne fora

Vi søkjer deg som har:

  • Dokumentert leiarerfaring
  • Solid organisasjonserfaring
  • Strategisk kompetanse
  • Økonomisk kompetanse
  • Engasjement for levande lokalkultur

Vi har nynorsk som administrasjonsspråk og jobben krev god skriftleg framstillingsevne.

Praktisk om stillinga:

  • Noko reiseverksemd og helgearbeid må påreknast.
  • Løn etter avtale
  • Ønskja oppstart 1. august

For spørsmål ta gjerne kontakt med styreleiar Mette Vårdal på telefon 913 68 956 eller generalsekretær Eli Ulvestad, på telefon 994 64 995.

Søknad og CV sendast til post@ungdomslag.no innan 4. april.

Publisert 13. mars 2018

Topp