ForsidenUtlysningerKulturrådgjevar

Noregs Ungdomslag søker kulturrådgjevar

Utlysning fra: Noregs Ungdomslag

Sted: Oslo
Søknadsfrist: 09.06.2019
HeltidVikariat

Noregs Ungdomslag har ledig eit eittårs vikariat i 100 % stilling med ansvar for fagområda teater, ungdomshus og bunad.

Sentrale ansvarsområde

  • Ansvar for utvikling og koordinering av NU si instruktøropplæring og gjesteinstruktørordning.
  • Planlegging av årlege instruktørkurs innanfor teater.
  • Utvikling av NU sitt teater-, ungdomshus- og bundsfaglege tilbod retta mot medlemmer og lokallag.
  • Utvikling og oppfølging av teaterfaglege prosjekt
  • Interesse- og kulturpolitisk arbeid
  • Kontakt med, oppfølging av og bistand til medlemmer og lokallag
  • Utvikling og planlegging av sommarleir for ungdom, inkludert oppfølging av sommarleirutvalet
  • Oppfølging av NU sine samarbeid på bunadsfeltet

Kulturrådgjevaren arbeider svært sjølvstendig på sine fagfelt, og stillinga vil bli forma av personen som har stillinga. Det er likevel eit tett samarbeid med dei andre tilsette i administrasjonen når det gjeld planlegging og gjennomføring av aktivitetar og tiltak som går på tvers av fagfelta. Det er også viktig at du er fleksibel og endringsvillig då det førekjem overlapping for kollegaer, samt ad hoc-oppgåver. Stillinga har budsjett-, oppfølgings- og strategiansvar for sine fagområder.

Vi håper du har følgjande kvalifikasjonar

  • Prosjektleiarkompetanse
  • Erfaring med å planlegge og gjennomføre små og store arrangement.
  • Kompetanse innan stilinga sine fagområde
  • Organisasjonserfaring
  • Evne til nettverksbygging
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Minimum 3-årig høgare utdanning. Tidlegare arbeidserfaring kan kompensere for dette kravet.

Hos oss får du

  • Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver, med store moglegheiter til å påverke din eigen arbeidskvardag.
  • Engasjerte og dyktige ungdomslagsmedlemmar og tillitsvalde.
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø, i kontorfellesskap med fleire frivillige organisasjonar på kulturfeltet, sentralt i Oslo sentrum.
  • Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter lokal avtale.

Praktisk om stillinga

  • Eittårs vikariat i 100% stilling
  • Noko reiseverksemd og kvelds-/helgearbeid må påreknast.
  • Administrasjonsspråket i Noregs Ungdomslag er nynorsk
  • Ønskja oppstart 1. august

For spørsmål ta gjerne kontakt med generalsekretær Kai Roger Vatne, på telefon 99394350 eller kulturrådgjevar Rita Sirirud Vatnehol, på tlf. 24 14 11 14. Søknad og CV sendast til kai.roger@ungdomslag.no innan 9. juni 2019.

Noregs Ungdomslag (NU) er ein kulturorganisasjon med omlag 14 000 medlemmer i nærare 340 lag i heile landet. Føremålet til organisasjonen er å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar. Vårt slagord er «Levande lokalkultur» Noregs Ungdomslag har kontorfellesskap med andre kulturorganisasjonar, sentralt i Oslo sentrum. Det er fem tilsette i administrasjonen.

Publisert 3. juni 2019

Topp