Tips og inspirasjon!
På denne sida finn du tips frå oss i LNU samt eksempel frå organisasjonar som mottek Frifond organisasjon og som gjer ting på ein god måte. Bli inspirert!
På denne sida finn du tips frå oss i LNU samt eksempel frå organisasjonar som mottek Frifond organisasjon og som gjer ting på ein god måte. Bli inspirert!
utdelte Frifond-midler i 2023.
Det finnast mange ulike måtar å forvalte midlane i Frifond organisasjon på. LNU legg ingen strenge føringar utover det som konkret står i retningslinjene. Organisasjonane har ulike årshjul og ulike måtar å fordele midlane på.
Her kan du lese om hvordan 4H har forvaltet sine midler.
4H mottok i 2022 ca. 4.4 millonar kroner. 4H er ein brei organisasjon med over 11 000 medlemmar fordelt over heile landet. Midlane frå Frifond organisasjon deler dei ut som driftsstøtte og oppstartstøtte:
4H har tidlegare også delt ut prosjektstøtte, men gjekk vekk frå dette for nokre år sidan sidan det krevde mykje av addministrasjonen. Dette er ei god avveiing å ta, og vi i LNU synest at kapasiteten til administrasjonen når det kjem til forvaltning av Frifond organisasjon skal telje sterkt når ein bestemmer type støtte.
4H delar ut pengane etter at klubbane (lokallaga) har hatt sine årsmøter i november. Her leverer dei all nødvendig informasjon som Frifond rapport, signer reknskap og årsmelding. Dette blir gjort inne i medlemssystemet, som er tilgjengeleg på PC/Mac og mobil/iPad. Etter at den tidlegare Frifond-rapporten er godkjend får klubbane utbetalt nye midlar i løpet av desember månad. I rapportane skal klubbane fylgje ut kva dei har brukt midlane på, samt legge ved signert reknskap.
Som tips til korleis ein kan gjere forvaltninga av Frifond organisasjon så enkel som mogleg seier 4H dette:
Her kan du lese om hvordan Norges speiderforbund har forvaltet sine midler.
Norges Speiderforbund (NSF) mottok i 2022 3.5 millionar kroner gjennom Frifond organisasjon. Desse midlane vert delt ut til lokallag som er spreidd over heile landet gjennom oppstartstøtte til nyoppastarta lag og prosjektmidlar. I løpet av året har dei to søknadsrunder:
Denne måten å gjere det på sikrar at ein kan ha aktivitet gjennom store delar av året, og dei konkrete fristane som er sett sikrar at ein veit at ein får utbetalt midlar frå LNU. Dette er eit godt eksempel på ein måte å forskuttere på midlar med stor tryggleik og liten finansiell risiko.
For å kvalifisere til prosjektmidlar har NSF desse krava:
Som tips til korleis ein kan gjere det så enkelt som mogleg å forvalte Frifond organisasjon, føreslår Norges Speiderforbund at ein gjer søknads- og rapportskjema så enkelt som mogleg for lokallaga. Lokallaga søker og rapporterer via medlemssystemet til NSF: